27 November 2006

Kor stor usb drive treng eg for Aero?

Sikrere, lekrere og mer ressurskrevende - Dagbladet.no

Men Vista er ressurskrevende.
Har du en PC som er noe særlig eldre enn ett år, kan du få problemer med å se de visuelle effektene, som systemet automatisk slår av hvis det blir knapt med minneressurser.

Ekstra minne
- En fin, ny funksjon er at du kan koble til minnekortet fra digitalkamera eller USB-brikke, og Vista bruker det som ekstra minne når det trengs.


Hmmm. Altså, i følgje Dagbladet er flaskehalsen for Aero minne?

Heldigvis har dei skissert ei løysing for dei som ikkje har nok. Sett inn eit minnekort eller ein USB drive. Sidan alt dette er litt uklart for meg har eg sendt inn følgjande spørsmål:

Kor mykje minne må eg ha for å kunne sjå dei visuelle effektane i Vista? Er 40 GB HD nok? Kva om eg sett inn mitt 512 MB Compact Flash kort? Vil det gi meg nok minne til Aero? Må eg i såfall slette bileta først?

No comments:

Post a Comment